Rådmannen vert kritisert for ikkje å prioritere idretten. Trondheim kjem desidert dårlegast ut av storbyane i Noreg når det gjeld tilgong på idrettshallar. Det vil koste 1,6 milliardar kroner å ruste opp til behovet er dekka. Alt dette i følgje Adresseavisa 22. november 2008. Byavisa oppsummerer rådmannens prioriteringar som vist i biletet under.

Adressa følgjer opp med fleire artiklar. Her er eit par av dei:
Utvalet for idrettspark og fleirbrukshall på Utleir kjenner seg att i kritikken frå idretten for øvrig. Politikarane uttrykkjer vilje og gjer vedtak som ikkje alltid vert følgt opp av administrasjonen, i alle fall ikkje i det tempoet som vart lova. Vi vil imidlertid framleis stå på den samarbeidslinja vi har valt frå starten. Erfaringane er slett ikkje berre dårlege. Vårt anlegg er no øverst på idretten si prioriteringsliste for større anlegg - det er mager trøst så lenge problemet er at rådmannen ikkje vil bruke pengar på idretten.
#
publisert av Ole Jonny Klakegg @ 09:45